Den nye Ulsteinhallen nærmar seg ferdigstilling, og rådmannen ser at dei treng meir pengar. Han ber Ulstein kommunestyre godkjenne utviding av låneramme med 4,081 millionar. Ny låneramme for prosjektet blir då 103,6 millionar.

Når dei no ber politikarane om å auke låneramma er det ikkje på grunn av store overskridingar i prosjektet.

Dei ekstra kronene skal gå til å finansiere parkering, tilknyting til fjernvarme og noko inventar.

Dei samla økonomiske konsekvensane for kommunen er førebels ikkje heilt klare. Ulstein har dialog med både fylket og Hødd IL og ferdigstilling av prosjektet og spleiselag av parkeringsplass.

Saka skal opp i formannskapet tysdag 4. november, før ho går til kommunestyret.