– Konfliktrådet er ein «kjempearena».

Det var både politioverbetjent Pål Inge Olsen og hareidsordførar Anders Riise samde om under frukostmøtet i Hareid næringsforum på Melshorn Hotell i går.

Olsen var innhenta for å snakke om det lokale bu-, arbeids- og oppvekstmiljøet, sett frå politiet sin synsstad.

Fokus i møtet var på korleis næringslivet og politiet kunne samarbeide endå betre.

Då han kom inn på konfliktrådet som arena for å kome seg vidare etter eit brotsverk og ein konflikt, fekk han klar respons frå hareidsordførar Anders Riise, som ordla seg slik:

– Konfliktrådet har utruleg stor effekt. Eg har vore der sjølv for første gong og vil anbefale det på det sterkaste, særleg når ungdomar har gjort noko gale. Det har førebyggande effekt på lang sikt. I staden for ei bot på kr. 5.000 utan kontakt mellom partane, får partane møte kvarandre og samtale. Det er svært effektfullt. Når sakene blir oppgjorde på den måten, både helsar og pratar partane med kvarandre etterpå.

Kom til Hareid i 1982

Pål Inge Olsen kom til lensmannskontoret på Hareid i 1982 på den tida Einar Orten overlet lensmannsjobben til Odd Kulø. Han fekk såleis samarbeide med både Arne Garshol og Håkon Teigene. No er han busett i Volda, har kontor i Hovdebygda og har drive med førebyggande arbeid i politiet sidan 1994.

Meir målretta

Olsen slo fast at det blir jobba mykje meir målretta i dag enn før. – Har vi ein «klagestad», til dømes råning på Hareid ferjekai, så sit vi ikkje oppe på Fjelle og kikar på hjort og fuglar, for å seie det på den måten, sa han.

Media «svartmalar»?

Olsen hadde merka seg Sunnmørsposten sine oppslag om narkotikabruk på Sunnmøre den siste tida.

– Fine illustasjonar og statistikkar. Men når eg les dette og det media elles skriv om temaet, så tenker eg: Skulle eg busetje meg på Sunnmøre – og las Sunnmørsposten – så ville eg ha flytta til Romsdal.

– Det blir for mykje negativitet, meinte Olsen, som ville ha media til å formidle meir av alt det positive som skjer. Alt idrettslaga gjer o.s.v.

Også lokalavisene var svære til å legge seg på den negative tendensen, meinte han.

– Problem finst over alt, slo Olsen fast. – Men Sunnmøre er ikkje verre stilt enn andre plassar.

Det vart også vist til drapet på Bigset i år der mange i Hareid sa seg forundra over at slikt kunne skje nettopp på Hareid.

– Men slikt kan skje over alt. Det er tilfeldige ting, sa Olsen.

Mindre vinning, meir vald og narkotika

Om den generelle tendensen i samfunnet sa Olsen at vinningskriminaliteten har vore på veg ned dei siste åra, medan vald og narkotika har vore på veg opp.

Medan slåstinga før ofte foregjekk i store samlingar, foregår ho i dag meir på den måten at enkeltindivid reiser rundt og oppsøkjer stader der dei kan lage bråk – Fosnavåg – Stryn ...

Eit spesielt fenomen i tida var dei «mobile vinningskriminelle», som reiser frå bygd til bygd og gjerne er ute etter radio- og TV-artiklar – og andre elektriske artiklar. Elles har politiet på Sunnmøre aldri inndrege så mange førarkort og våpenløyve som dei siste åra.

Kjekkare ungdom

Derimot meinte Olsen at vi aldri har hatt så kjekk ungdom som i dag, noko han forklarte med eit rim: «vekk frå gata, inn på data».

Kritisk mellom 9. og 10. klasse

Politiet har også eit ansvar for å førebygge mot rusbruk. Derfor arbeider dei svært planmessig inn mot både barnehagar, skular og sosiale nettverk.

Den kritiske tida for ungdom kjem i overgangen mellom 9. og 10. klasse. Frå hausten i 9.-klasse begynner det å skje noko. Då er det viktig å vere der. Passe på at den unge ikkje kjem inn i uheldige miljø.

Olsen hadde fleire innspel til næringslivet. Han minte om at politiet også var ein del av hjelpetiltaka på bedriftene, t.d. når nokon hadde rusproblem. Rus og konsekvensar av rus er utruleg dyrt for næringslivet. – Bruk HMS-systemet og ufarleggjer det å ta kontakt med  politiet, oppfordra han og var også innom problemstillingar med utanlandske arbeidstakarar – som introduksjon i norske regelverk og «radikalisering».