Natt til laurdag måtte politiet bryte inn i samband med ein lukka fest på Hareid.

Ifølgje politiet var det vaktene på festen som ba om assistanse frå politiet.

- Politiet gjekk i mellom og fekk roa situasjonane som oppstod på utsida. Det er fleire som hevdar dei vart forulempa, og vil melde saker til politiet over helga, seier Magne Tjønnøy ved operasjonssentralen.

Politipatruljen vil også opprette fleire saker.

Arrangørane av festen seier til Vikebladet.no at det ikkje var sjølve festen som var ute av kontroll, slik politiet melde tidlegare, men at det var situasjonar på utsida av lokalet politiet måtte ta hand om. Vaktene skal ha hatt god kontroll i lokalet.