Under formannskapsmøtet tysdag fekk dei folkevalde ei innføring frå rådmann Einar Vik Arset i budsjettet og økonomiplanen for 2015–2018 som også vart framlagt for kommunestyret sist torsdag.

Rådmannen uttrykte tydeleg at kommunen heilt klart må redusere risikoen ved dei store låna kommunen har.

Under møtet fekk representantane frå partia kome med sine tankar kring budsjettet, i det som må sjåast på som eit tidleg stadium i budsjetthandsaminga. Budsjettet skal vedtakast i kommunestyret 11. desember.

Mange av partia har endå ikkje fått gjennomført gruppemøte etter at budsjett og økonomiplan vart lagt fram, og det vart også påpeika frå fleire at dette difor berre var tidlege reaksjonar.

– Som vanleg får vi eit godt dokument, med vedlegg som viser prioriterte mot ikkje prioriterte tiltak. Det er eit dokument som viser heile biletet, meinte Renathe Rossi-Kaldhol (Ap).

Ho lurte likevel på kvifor ikkje barnevernet hadde fått plass, og at ein ikkje måtte misse dei interkommunale samarbeida ut av syne.

Rossi-Kaldhol peika også på at det var interessant at eigedomsskatten hadde dukka opp igjen, sidan det ikkje har vore politisk vilje for denne tidlegare.

– Rådmannen har teke inn eigedomsskatten, men kor realistisk er det? Eg forstår motivasjonen, men kanskje ville det vere meir konstruktivt om det var lagt fram som ei eiga politisk sak, meinte Pål Grødahl (V).

Ikkje ekspansivt

Han fortalde også at han vil leite etter meir middel til helse og omsorg.

– Sjølv om dette ikkje er eit kuttbudsjett, så er det heller ikkje veldig ekspansivt, og kutt frå i fjor gjeld framleis.

Knut Erik Engh (Frp) synest målstyringa i budsjett og økonomiplanen stadig blir betre.

– Det er eit godt og i utgangspunktet romsleg budsjett, der ein vil prioriterte ei langsiktig omstilling for å sikre eller redusere risikoen. Administrasjonen har lagt inn eigedomsskatt sjølv med eit tydeleg signal om at det ikkje er ønskt.

Engh meinte det var greitt at dette blir gjort, om administrasjonen meiner dette må til, men at det er opp til politikarane å finne rom for sine prioriteringar.

Lisa Mari Breivik Anderson (Sp) ønskte som Venstre å sjå etter meir rom for auke i budsjettet til helse og omsorg, og til skulane.

– Vi har ei stor gruppe som er mellom 6 og 15 år, som vi får ekstra pengar til. Då burde ein satse ekstra på desse, til dømes ved å setje inn ekstra lærarressursar frå 1.- til 4.-klasse, meinte Breivik Anderson.

– Vi er i ein situasjon der ni av ti kommunar misunner oss. Vi har fått på plass eit rammeverk, bygningane og snart er Arena på plass. No er det tid for å snakke om innovasjon og innhald, sa Magne Grimstad (Ap).

Han meinte det var eit positivt framlegg til budsjett der ein kan løfte kompetansen i kommunen, og der ein slepp nye innsparingar i omsorgssektoren.

– Vi har utfordringar, men det er positivt, meinte Grimstad.

Ordførar Jan Berset (H) trakk fram at det er komplisert å vite korleis dei framtidige inntektene til kommunen vil sjå ut sidan det blir arbeidd med eit nytt inntektsfordelingssystem. Berset var tydeleg på at han ikkje er spesielt begeistra for eigedomsskatten, og at ein på kort sikt bør klare å finne mogelegheiter for å kome utanom.