Etter påtrykke frå dei pårørande og ein privat etterforskar, vart etterforskinga i samband med brannen på Flusund i 2008 teken opp att i fjor. Fire unge menneske omkom i den tragiske husbrannen.

Dei pårørande sin bistandsadvokat, Odd Harald Hovde, seier til Aftenposten at Kripos og Sunnmøre politidistrikt no har gjennomført ei grundig etterforsking.

- Dei pårørande har blitt spurt om dei har innspel til vidare steg i etterforskinga, men det er diverre vanskeleg å finne svar så lenge etter hendinga, seier Hovde som også fortel at fleire av dei pårørande har gitt uttrykk for at ska kunne ha vore oppklart dersom politiet hadde gjort grundigare arbeid i tida rett etter brannen.

Dersom det ikkje kjem fram nye opplysningar, vil saka mest truleg verte henlagt i løpet av eit par veker.

Til NRK opplyser Odd Harald Hovde at mange av dei pårørande har innsett at saka kanskje aldri blir løyst.

- Det framleis er mange spørsmål vi ikkje har fått svar på, seier han.