Innbyggarane i Ulstein og Vanylven er dei klart mest samanslåingskåte på Sunnmøre, skal vi tru ei undersøking som Sunnmøre Regionråd har fått utført.

39 prosent av dei spurde i desse to kommunane er på generell basis «heilt samd» i regjeringa si målsetjing om ein reform som skal gi større og meir «robuste» kommunar.

Nest mest samanslåingskåte er innbyggarane i Hareid og Haram. Der seier 30 prosent av dei spurde seg «heilt samde» i regjeringa sin samanslåingsoffensiv.

Færrast «heilt samde» finn vi i kommunane Stordal og Sula. Her er berre 11 prosent «heilt samde».

Færrast usamde også

Ulstein og Vanylven er på same tid mellom dei kommunane der det er færrast som er «heilt usamde» i samanslåing. 7 prosent i Ulstein og 4 prosent i Vanylven inntek denne haldninga. Sande kilar seg inn mellom desse med 5 prosent «heilt usamde». Gjennomsnitten for denne gruppa på Sunnmøre er 11 prosents oppslutning. Hareid ligg noko over snittet med 14 prosent. Klart mest negative til samanslåing er innbyggarane i Stordal og Sula. Der er 30 og 27 prosent «heilt usamde».

Dette kom fram i eit innlegg som rådgjevar i regionrådet, Anne Mette Liavaag, hadde i Hareid kommunestyre torsdag.

56 prosent er positive, 18 på vippen, 26 negative

I sunnmørskommunane sett under eitt er 25 prosent «heilt samde» i at samanslåing er det rette. 31 prosent seier seg «noko samde» i dette, slik at det totalt sett er 56 prosent av innbyggarane som støttar intensjonen i kommunereformen . 18 prosent plasserer seg «på vippen», medan 26 prosent anten er «noko usamd» eller «heilt usamd».

Liavaag streka under at Sunnmøre Regionråd ikkje skal meine noko om kva kommunar som bør slå seg saman eller ikkje. Men utifrå alle grafane ho presenterte skil to samanslåingsprosjekt seg klart ut: Hareid+Ulstein og Ørsta+Volda.

Deretter er det mest nærliggande at Herøy+Sande, Ørskog+Skodje og Ålesund+Sula blir nye par. Men i sistnemnde konstellasjon er det først og fremst ålesundarane som skundar på.

Undersøkinga har teke for seg 100 personar frå kvar av dei 19 kommunane.