Grødahl sit i dag i formannskapet og er gruppeleiar for Venstre sine representantar i kommunestyret.

- Vi er eit lag

Pål Midtsæther Grødahl er opptatt av å byggje eit lag som skal arbeide saman. Han er stolt over å få vere ordførarkandidat med så mange flotte folk med seg.

- Ulstein kommune må ta stilling til mange viktige saker neste periode, som kan få store konsekvensar for den einskilde innbyggar. Ein ordførar må ofte ta eit anna perspektiv enn gruppa, og då er det godt å ha mange røynde folk å dele oppgåvene med, seier Grødahl.

Ulstein Venstre gjorde eit godt val i 2011, og gjekk frå ein til tre representantar i kommunestyret. Dei har ambisjonar for valet i 2015.

Målet er 5 representantar

– Vi har jobba godt saman i denne perioden, og vi trur vi kan vere eit viktig alternativ for veljarane. Etter valet til hausten er målet å få fem representantar i kommunestyret, seier Grødahl.

Lista kjem seinare

Ulstein Venstre er framleis i dialog med kandidatar som må gjere nokre avklaringar før dei kan gje det endelege svaret. Nominasjonsmøtet ga komiteen mandat til å fullføre dette arbeidet.

– Vi forventar å kunne presentere heile lista om kort tid, seier leiar i lokallaget Berit Lyngstad.