I dag tidleg, mellom kvart på ni til kvart over ti gjennomførte ein politipatrulje promillekontroll på fylkesvegen i Myrvåg.

Dei kontrollerte 67 bilførarar. Politiet hadde ikkje noko å utsetje på nokon av dei.

Varleite

Etter promillekontrollen i Myrvåg køyrde politipatruljen til Varleite i Ulstein. Ved fylkesvegen kontrollerte dei 42 bilførarar på ein dryg halvtime.

Heller ikkje her fann dei noko negativt.