I innkallinga til kommunestyremøtet låg den 34 sider lange tilstandsrapporten vedlagt, og i denne har to soneleiarar, ein fagkoordinator, to hovudtillitsvalde (frå Fagforbundet og Norsk sjukepleiarforbund), verneombod, to frå økonomi og organisasjon, samd ein sekretær, følgd opp kommunestyrevedtaket av 19. juni i år. I dette vedtaket bad kommunestyret om at det vart sett i gang ei analyse av samanhengen mellom ressurstilgang og oppgåver i omsorgsetaten som førebuing til budsjett- og økonomiplanarbeidet for 2015.2018.

Dette vedtaket kom også etter ein serie artiklar i Vikebladet Vestposten, der fokuset var retta mot bemanningssituasjonen i helse- og omsorgssektoren, samt behova ved avdelinga for demenssjuke.

Renathe Rossi Kaldhol (Ap) var fyrste til å kommentere rapporten.

– Takk for eit så godt og grundig dokument. Vi ser jo at alle behova som kjem fram vanskeleg let seg dekkje av eitt enkelt års budsjett. Det er grunn til å vurdere ei opptrapping, og setje større fokus på omsorgssektoren. Men, vi løyser ikkje eldrebølgja berre ved å tilføre ressursar, vi må også jobbe smartare og meir effektivt.

Utfordringar i helsesektoren

Steinar Torvik (KrF) ynskja fyrst å rose dei tilsette i omsorgsetaten i sitt innlegg.

– Utifrå rapporten ser vi at Ulstein kommune har mange utfordringar innanfor helsesektoren. I tidlegare budsjettforslag har KrF føreslått å auke grunnbemanninga, og fylle stillingar. Det vil trygge arbeidsmiljøet, tenesta til brukarane, og hjelpe til i innsparingane vi har lagt opp til. Denne rapporten bør vege tungt i det pågåande budsjettarbeidet.

Ordførar Jan Berset (H) gav dette innlegget:

– Eg meiner rapporten gir ein veldig god oversikt over statusen i omsorgssektoren, og vi har utfordringar i helsesektoren, heilt klart. Samstundes føregår det no ei betydeleg kompetanseheving i sektoren. Det saman med leiaropplæring er viktige element for eit godt fundament. Hovudinntrykket frå brukarundersøkinga i rapporten, viser også at dei som nyttar tenesta er meir nøgd enn dei pårørande.