Rundt klokka åtte i dag tidleg forsvann vatnet hos ei rekkje husstandar i Haddal.  Teknisk etat fekk raskt melding om at det var brot på leidningsnettet.

Haddal skule er mellom dei vassabonnentane som mista vatnet. Rektor Kjell Runde fortel at han har fått opplyst frå teknsik etat at dei vil freiste å kople om vatnet slik at skulen ikkje vert vasslaus så veldig lenge.

Det samme gjeld for Blåtinden barnehage.

Odd Kåre Wiik ved teknisk etat i Ulstein kommune fortel at det var eit gamalt eternitt-rør som takka for seg. Kommunen er for tida i ferd med å skifte ut det gamle leidningsnettet i bygda.

- Vi rakk diverre ikkje å skifte ut dette røret før det vart øydelagt, seier Wiik.

Wiik forventar at vatnet vil vere på plass i røra att i løpet av kort tid.