Då budsjettet og økonomiplanen for Ulstein Eigedomsselskap KF var oppe i formannskapet, gjorde varaordførar Knut Erik Engh på vegner av Framstegspartiet framlegg om å ta alt av inntekter og utgifter knytt til Arena Ulstein ut av budsjettet til Eigedomsselskapet.

Pål Grødahl (Venstre) sa at han var samd i sak, men ikkje i angrepspunkt. Lisa Mari Breivik Anderson (Senterpartiet) spurte om Engh meinte dette prinsipielt eller reelt. Magne Grimstad jr. (Arbeidarpartiet) trudde dette var mest prinsipp. Om kommunen kastar seg på planane for Arena Ulstein no vil dei 38 millionane dei har nytta på tomtekjøp og prosjektering vore kasta ut av vindauget. Engh på si side meinte det var uansvarleg å påføre kommunen meir kostnader med Arena Ulstein.

Grødahl ønskjer seg eit rimelegare Arena Ulstein, han vil ikkje ta omkamp på Arena Ulstein før han har sett anbodet.

Framlegget frå Engh fekk to røyster (Engh og Anderson) og vart såleis ikkje vedteke.

Det er Ulstein kommunestyre som gjer endeleg vedtak 11. desember.