Den nye Ulsteinhallen ligg som plomma i egget, midt mellom Ulstein vidaregåande skule og Høddvoll stadion – og ei slik plassering har ført til eit fruktbart samarbeid.

Kimen til den nye hallen vart sådd under eit friidrettsstemne i Ranheimhallen i 2011.

Leiinga i Dimna IL kom i tankar om at ein slik hall kunne dei  tenkje seg å ha i Ulsteinvik også. Dermed reiste dei heim og jobba i det stille utover våren.

– Vi fekk fram skisser som vi presenterte for Ulstein kommune hausten 2011. Då hadde vi alt sondert med Ulstein vidaregåande skule og Møre og Romsdal fylkeskommune om kor vidt dei hadde behov for meir plass, fortel Arve Hatløy, leiar for sportsleg utval i Dimna IL.

Hødd og fylkeskommunen

Svaret var at skulen hadde behov for både klasserom og betre kroppsøvingsfasilitetar. Dermed vart det opna for å leige ut hallen på dagtid til fylkeskommunen.

Same sommaren kom Hødd og spurde om dei kunne få henge seg på byggelasset. Dermed vart planane ein del endra. Det vart integrert ein moderne fotballstadion, med garderober etter fotballen sine krav – og taket på Ulsteinhallen vart forlenga til tribunetak.

I utgangspunktet såg ikkje Dimna IL føre seg at Ulstein kommune hadde økonomi til å stå som byggherre. Men kommunestyret var begeistra for samarbeidsplanene, og i september 2011 vart det gjort vedtak om bygging, med Ulstein kommune som byggherre. Då starta detaljplanlegginga. Hausten 2012 tok grunnarbeidet til, og våren 2013 starta bygginga for fullt.

– Høddvoll Stadion og Ulsteinhallen er to ulike prosjekt, men er integrerte i kvarandre, og det har gjort bygginga rimelegare. Det vart applaudert i kulturdepartementet då vi presenterte planane, seier Arve Hatløy.

Seks løpebaner

Den nye Ulsteinhallen blir på mange måtar makelaus. Bana rundt får seks løpebaner, noko som berre to andre hallar i Norge har, Steinkjer og Bærum. Dei andre har fire baner.

– Hallane med seks løpebaner vil få eit stort fortrinn når det skal søkjast om å få arrangere norske meisterskap, fortel Arve Hatløy.

Den første større meisterskapen i Ulsteinhallen blir NM for ungdom 15-22 år 6. til 8. mars neste år.

Fleire aktive

Hatløy er overtydd om at Dimna IL vil merke auka rekruttering når den nye Ulsteinhallen opnar.

– Vi får alt no nye aktive på nesten kvar trening. Den eldste gruppa vår på 14 år og oppover har lege på om lag 25 aktive. No er vi oppe i 40.

Dei yngre klassene har hatt store grupper i fleire år. Her har Dimna IL vore litt forsiktige med rekrutteringa, fordi dei hittil har gjennomført all trening ute. Totalt er det no om lag 150 aktive.

– Det viktigaste for oss er å gi dei som trenar friidrett eit godt tilbod, og det får dei når Ulsteinhallen opnar. Hittil har vi konsentrert oss mest om løping, men i hallen vil det bli tilbod om trening også i kast, slegge, diskos, kule og spyd. Vi har ein trenarstab 17, og seks av trenarane våre har nettopp vore på trenarseminar, fortel Arve Hatløy.

Betre treningsforhold for alle

Men han understrekar at Ulsteinhallen ikkje blir eit pré berre for friidretten. Også innandørsaktivitetar som handball, basketball og RG vil få mykje betre treningsvilkår. Heile indre bane vil bli innegjerda med nett på kveldstid, slik at friidretten kan trene på utsida av gjerdet. Dermed vil hallen få stor kapasitet på kveldstid.

FAKTA Ulsteinhallen

Opnar i desember 2014.

Byggherre: Ulstein kommune i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune, Dimna Idrettslag og Hødd Fotball.

Hovudentreprenør: Rise Bygg

Hallen er kostnadsrekna til 95 mill. kroner, inkludert klasserom, garderobe, styrkerom og dansesal til Ulstein vidaregåande skule.

Stadion: ca. 50 mill. kroner, inkludert tribunetak.

Hallen til høgre i bildet med taket som dannar overbygg for tribuneanlegget til Hødd Fotball. Vi skimtar også Ulstein vidaregåande skule. Foto Joar Ødegård/Himmelhøgt.