Den andre utgåva av landevegsløpet Grimstadvatnet Rundt denne vinteren vart avvikla laurdag under ikkje heilt ideelle forhold. Det var glatt på vegane, samtidig som det kom ein del vindkast.

Likevel sprang tre av dei 40 deltakarane under den magiske 30-minuttsgrensa. Joachim Gustavsen frå Dimna IL kom først i mål på 28.33 - føre Martin Hauge Nilsen frå Kondis (29.13) og Jan Endre Rise frå Hareid IL (29.44).

På kvinnesida var Trine Pilskog frå Hjørungavåg best med tida 31.31 - tett følgt av Jenny Stokkevåg Berg frå Dimna, som var dagens store overrasking. Med tida 31.33 sprang ho seg opp til ein strålande 4.-plass på kvinnerankinglista gjennom tidene. Berre Ragnhild Kvarberg (26.51), Trine Pilskog (27.05), Veslemøy Hausken (30.34) og Karete Nesset (31.23) har betre tid. Jenny sprang seg forbi løparar som Kristine Engeset (31.40), Hege Holstad (31.49), Ingrid Holstad (31.49) og Ingun Eikrem Olsen (31.58), som er dei andre løparane som har vore under 32 minutt.

Fullstendig resultatliste 2. løp:

Kvinner u17:Madelen Gustavsen, Dimna 39.03

Johanne Rise Kvalen, Dimna 40.28

Ludmila Dunaeva, Hareid 40.50

Emilie Lund Tjervåg, Dimna 41.12

Mari Hatløy, Dimna 41.55

Kvinner 17-34 år:

Jenny Stokkevåg Berg, Dimna 31.33

Fride Møller, Dimna 37.47

Linn Urke, Hareid 42.21

Astrid Andersen, Hareid 44.58

Kvinner 35-39 år:

Hanne Sofie Urke, Dimna 39.36

Kvinner 40-44 år:

Trine Pillskog, Hjørungavåg 31.31

Kvinner 45-49 år

Marit Lillestøl, Gjerdsvika 40.44

Menn u17 år:

Samuel Holstad, Hareid 41.28

Iver Stokkevåg, Hareid 41.55

Steffen Anderson, Dimna 42.51

Menn 17-34 år:

Joakim Gustavsen, Dimna 28.33

Martin Hauge Nilsen, Kondis 29.23

Anders Egge Brandal, Dimna 31.44

Hiwaa Alipoor, Hareid 35.32

Torstein Sivertsen, Hareid 37.21

Menn 35-39 år:

Jan Endre Rise, Hareid 29.44

Leif Rune Solås, Ulstein&O Sykkel 35.01

Menn 40-44 år:

Dag Jonny Seljeset, Ulmatec 30,32

Are Uran, Havørn 31.08

Jonny Tømmerbakk, Ulsteinvik 32.16

Tord Espelid, HUS 47.15

Menn 50-54 år:

Stig Sæther, Dimna 35.15

Per Kåre Fjørtoft, Hasundgot 35.50

Kurt Dahlstrøm, Tjørvåg 45.03

Menn 55-59 år:

Ane Heggen, Voldapersarane 31.24

Odd Elvanes, Hareid 36.04

Menn 60-64 år:

Jarle Sandbakk, Ørsta 33.42

Dag Snipsøyr, Hareid 37.32

Odd Arne Holstad, Hareid 38.03

Per Arne Pedersen, Hasundgot 39.10

Vidar Ulstein, Hødd 48.07

Menn 65-69 år:

Kjell M. Fagerlund, Hasundgot 40.30

Per Storøy, Bergsøy 43.41

Menn 70-74 år:

Peder Ringdal, Måndalen 39.52