Hareid kommune og Hareid Frivilligsentral har bestemt seg for å markere starten på Friluftsåret 2015 ved at speidarane arrangerer ei overnatting i friluft – der ordførar deltek.

Dette skal skje i midten av januar.

11 representantar frå ulike lag og organisasjonar i kommunen møtte til eit orienterings- og planleggingsmøte på Hareid rådhus 18. november.

I møtet kom det fleire innspel om kva slags tiltak ein bør gjennomføre. Ei nærare konkretisering skal vere innmeldt til kulturkontoret i desse dagar (innmeldingsfrist 15. desember).

Over nyttår blir det kalla inn til eit nytt møte der hovudtema blir eventuell utforming av ein lokal brosjyre for friluftsåret – og eventuelt nye tiltak.

Nokre av momenta som kom fram i drøftinga på dette første møtet, var:

- Fokus på dei som ikkje trenar så mykje.

- Familiedagar i friluft.

- Trillegruppe via helsestasjonen.

- Få med våre nye landsmenn; innvandrarar og arbeidsinnvandrarar.