Kommunestyret i Herøy godkjende i går, onsdag 17. desember, ein avtale med rådmann Erlend Krumsvik om at han fråtrer som rådmann i kommunen og går over i ei stilling som spesialrådgjevar fram til 31. oktober 2015.

Assisterande rådmann, Olaus Jon Kopperstad, vert konstituert som rådmann i Herøy kommune frå dags dato, går det fram av ei pressemelsing, signert av ordførar Arnulf Goksøyr.

Herøy kommune gjer det elles klart at dei ikkje vil kommentere denne saka utover pressemeldinga som vart sendt ut torsdag formiddag.

Det er såleis uvisst kva som er årsaka til at Krumsvik er løyst frå stillinga.

Til Smp.no seier Erlend Krumsvik at det i avtalen han har med Herøy kommune er kontraktfesta at denne ikkje skal kommenterast.