Mellom forelesarane i studiet Kommunal økonomi ved Høgskulen i Volda til våren, finn vi Kari Mette Sundgot frå Ulsteinvik. Ho arbeider som økonomi- og personalsjef i Hødd og har tidlegare vore tilsett som økonomisjef i Ulstein kommune.

Sundgot ser fram til å dele erfaringane sine med deltakarane på studiet, og seier dette om erfaringane sine frå tida som økonomisjef i kommunen:

‒ Det har vore inspirerande å få jobbe med økonomi inn mot fleire fagfelt, slik som skule, omsorg og kultur. Å skape velferd for kvar kroner er ei viktig oppgåve som viser godt att i kommunane. Å få jobbe tett saman med leiarane på alle fagfelt når det gjeld økonomistyring, budsjettplanlegging og rapportering gjennom året på dei resultata dei har oppnådd, har gitt meg erfaring som eg øsnkjer å formidle og gi studentane innblikk i, seier Kari Mette Sundgot til Høgskulen i Volda sine nettsider.

Det er rådmannen i Volda, Rune Sjurgard, som vil halde introduksjonsforelesinga. Han vil ta for seg korleois kommuneøkonomien fungerer.

Frå Volda kommune kjem også økonomisjef Henrik Skovly som har nærare 20 års efaring innanfor budsjett, økonomiplanar og rekneskap.

Studiet vender seg mot leiarar, offenteleg tilsette, folkevalde, innbyggjarar i kommunen og journalistar.

Tilgjengelig på nett

Studiene i Kommunal økonomi vil gå føre seg både på høgskolen og via nett.er i landet, til ulike tider.