Ekteparet May Britt og Edvard Moser, opphaveleg frå Herøy og Hareid, har hausta ei rekkje prisar i tillegg til Nobelprisen i medisin som dei fekk overrekt 10. desember. No er dei også nominert til prisen "Årets trønder", ein pris som NRK og Adresseavisen står bak.

Ekteparet har budd i Trondheim i 18 år, og trivst godt der.

–  Vi føler oss som trønderar, seier May Britt Moser til adressa.no.

Avisa lurer på om det ikkje er stort for sunnmøringar å verte nominert til "Årets trønder". May Britt Moser stadfester dette, men kan fortelje at ho er halvt trønder i og med at mor hennar kjem frå Stjørdal. Ho orsakar elles at å ikkje er så god på trønderdialekt.

Ekteparet vart nominert til "Årets trønder" også i 2011. 9. januar 2015 vert det klart kven som får prisen.