I går gjekk Hannelore Måseide ut i media og etterlyste eigaren av ein svart, loden katt som hadde funne seg til rette heime hos henne i Lånagjerdet. Lokalavisa er eit medium med stor gjennomslagskraft, og det gjekk difor ikkje lenge før eigaren av katten meldte seg.

Det syner seg at katten har levd eit dobbeltliv. Etter at Måseide tok hand om katten i sommar, har det utspekulerte dyret ved fleire høve tatt turen heim til eigarane sine som bur i nærleiken. Dei på si side har lurt på kvifor katten har vore borte i lengre perioder. Medan eigarane har vore urolege, har katten altså levd det gode liv på varmeteppet i hundehuset til Måseide.

Når katten no har funne sin heim vil nok rivalen Teddy, Måseide sin eigen katt, trekke eit lettelsens kattesukk over at han no kan rå grunnen åleine.