18000 kroner er i desember samla inn på eit loddsal i ULSTEIN. Pengane skal gå til arrangementet ‘Julekveld for alle’ i Ulsteinvik 25. desember.

Velferdsklubbane i Ulstein Design & Solutions og Ulstein Power & Control har stått for initiativet og  loddsalet. Arrangementet den 25. desember er for dei som ynskjer nokon å feire jul saman med, og er gratis for alle påmelde.

Frivilligsentralen står som koordinator.

Leiar Inger Anne Dimmen i Frivilligsentralen er svært glad for støtta:

- Eg er heilt stum. Tusen takk til alle i ULSTEIN som har kjøpt lodd! Det er veldig rørande at så mange vil hjelpe, og eg veit at dette blir sett så utruleg stor pris på av mange. Det er 65 personar påmelde til no, og det er enno mogleg å ta kontakt for andre som har lyst å vere med, seier ho, og legg til at ho er svært glad for alle dei frivillige som stiller opp på arrangementet.