I går la Regjeringa fram ei stortingsmelding som skildrar kapasitetssituasjonen i kriminalomsorga og moglege løysingar for framtida. I meldinga kjem det klart fram at Vestlandet er mellom dei regionane med størst behov for meir kapasitet. Til trass for at nytt fengsel på Sunnmøre ikkje er nemnd i dei prioriterte prosjekta, meiner Sunnmøre regionråd det er grunn til å vere optimistiske.

- Det er særs positivt at Regjeringa legg opp til ei brei og offensiv satsing for å utvide talet på fengselsplassar. I meldinga blir det skissert nokre aktulle utbyggingsalternativ og me meiner soningssenteret på Sunnmøre bør inn på denne lista. Det vil me jobbe aktivt for å få til, seier styreleiar i Sunnmøre regionråd, Anders Riise.

Det er på høg tid å erstatte Ålesund fengsel med eit nytt bygg der det er mogleg å drive god kriminalomsorg. Samstundes må underkapasiteten og dei problema som følgjer av han løysast. Basert på normtal for kriminalomsorga skulle regionen hatt 80 soningsplassar. Ålesund fengsel har 27 plassar.

Konseptet som er utarbeidd av Sunnmøre regionråd i samarbeid med Kriminalomsorgen er unikt, nyskapande og innovativt og heilt i tråd med det departementet ser som viktige utviklingstrekk ved framtidig kriminalomsorg. Sunnmøre Sonings- og kompetansesenter vil innehalde alle typar straffegjennomføring frå høgste tryggleik til soning i samfunnet, og vil vere det første i sitt slag i Europa.

Konseptet som er skildra har stor fleksibilitet i plassering og storleik. I desse dagar pågår det ein prosess der kommunane Ålesund, Sula, Giske, Skodje og Haram i samarbeid med Kriminalomsorgen skal finne den best eigna tomta for soningssenteret. Her er det brei semje om å finne den tomta som etter faglege kriterie er best eigna. Tomtevalet skal vere på plass innan utgangen av januar.