Ute regnar det godt i skrivande stunde. Det fine kvite snølaget som dekte markene i dag tidleg regnar vekk. Det er fire dagar til julaftan. Er det håp om ei kvit jul, eller blir det berre med draumen?

Yr.no varslar mykje regn i Hareid og Ulstein i dagane framover. Dei melder også plussgradar, men onsdag ettermiddag blir det blå minusgradar. Same dag, julaftan, skal det også bli opplett, såleis ser det mørkt ut for å få ei kvit jul i år.

Men det kan snu.

Torsdag, første juledag, derimot melder dei snø og minusgrader. Då skal det snø heilt til laurdag, då det slår om til litt mildare, regn og slaps.