– Det kan virke som om det har festa seg eit inntrykk av at vi har ein middels god prosjektkontroll, men det er ikkje rett, seier rådmann i Ulstein, Einar Vik Arset.

Denne veka var han, assisterande rådmann Verner Larsen og dagleg leiar i Ulstein Eigedomsselskap KF, Rune Urke, samla for å gje lokalavisa ein gjennomgang av investeringsprosjekt i kommunen frå dei siste ti åra.

Rådmannen meiner mykje handlar om arbeidsmåtar.

– Det er ein del intensjonsvedtak, og då har alle vore klare over at det er akkurat det, seier rådmannen.

Store endringar

I 2005 vart Alvehaugen påbygt til ein kostnad på 106 millionar kroner.

– Der låg den vedtekne investeringsramma, og om lag der enda ein opp, seier rådmannen.

Medan mange prosjekt ender innanfor eller like rundt rammene som vart sett, har administrasjonen også døme på prosjekt der mykje har endra seg frå første vedtak .

– Den ny ungdomsskulen starta eigentleg som eit prosjekt der ein ville bygge om ungdomsskulen. Så kjem ein på synfaring og ser at det ikkje er framtidsretta å bygge om, og at ein heller må bygge nytt. Då får ein sjølvsagt ein akselerasjon i kostnadene, fortel Verner Larsen.

Der var kostnadene for ombygging stipulerte til godt under 50 millionar, medan nybygget fekk ei vedteke investeringsramme i forprosjektet på 150 millionar. Etter anbodskonkurranse vart prisen oppjustert til 160 millionar kroner, og etter ei tilleggsløyving på 1,2 millionar enda ungdomsskulen til slutt på 160,9 millionar kroner.

– Det var ikkje snakk om noko særleg kapasitetsutviding. Ein skulle berre byggje om det arealet ein hadde. Det var rehabilitering av bygningsmassen, fortel Larsen.

– Ein fekk etter kvart eit prosjekt der ein bygde ny ungdomsskule framom den gamle, reiv etterpå og så laga uteområde der den gamle stod. Det var kanskje ikkje optimalt med tanke på bygging, men vi fekk drift undervegs.

– Her må ein sjå på utgangspunktet som låg til grunn for vedtaket. Deretter fekk ein ei justering og då får vi ein ny sum. Å samanlikne med det første tenkte beløpet blir ganske meiningslaust, fortel Rune Urke med tanke på skilnaden frå rehabilitering av den gamle skulen til bygging av den nye ungdomsskulen.

I 2006 byrja den såkalla ”trekantsaka” å rulle, og Sunnmøre folkehøgskule flytta frå sine lokale på Reiten, til gamlehotellet på Varleite. Ulstein kommune kjøpte ut Reiten.

Den åtte etasjar høge internatbygningen var dårleg halde ved like, og bygget var ikkje føremålstenleg til kommunen sine behov.

Rune Urke fortel at i løpet av prosessen vart det difor klart at det var betre å rive C-blokka, og heller rehabilitere resten av bygningsmassen.

– Då landa ein på 76 millionar, fortel Einar Vik Arset, før Rune Urke skyt inn at det inkluderer kjøp av tomt og bygningsmasse til 25,6 millionar.

Undervegs i arbeidet med Reiten vart det gjort endringar i investeringsrammene. I 2008 var ramma 45, 3 millionar, som seinare vart plussa på med om fem millionar.

– Det er nok kanskje det prosjektet vi har hatt mest problem med. Rehabilitering er komplisert, og det var noko hastverk inne i biletet ettersom trekantsaka byrja å gå, fortel Vik Arset.

Sjøgata er eit av prosjekta Ulstein kommune har vore involvert i som mange som nyttar Ulsteinvik sentrum har fått merke. Den totale kostnaden for prosjektet er på 56 millionar kroner, men her er det fleire involverte partar, og Ulstein kommune står for ein andel som enda på 27,5 millionar kroner.

– Vi hadde ei investeringsramme på 24 millionar. Der var det ein føresetnad at fylket og Vegvesenet tok ein større andel, at dei tok 23, 5 millionar, seier Verner Larsen. I staden måtte kommunen ta denne delen.

Kan ta læring

Larsen fortel at også Sjøgata-prosjektet starta ein heilt anna stad.

– Det var eigentleg sett av fire millionar til infrastruktur i samband med kulturhuset. Og i løpet av sju år så har det gått nokre rundar før vi enda opp der vi er i dag.

Ulstein kommune er i ferd med å få på plass ei rekkje nye omsorgsbustader, både på Sjøsida og i Holsekerdalen. På Sjøsida har kommunen ein kontraktspris.

– Holsekerdalen er eit stort prosjekt, der vi har nokre tilleggsløyvingar. Det har mykje med at Husbanken ikkje svarte oss. Vi venta to år og då vart det ein prisvekst som låg inne i anbodet, fortel Vik Arset.

– Byggjekostnadane har ikkje sprokke, men det er ein spesiell situasjon i grunnen, og der gjekk det med to millionar ekstra, fortel Rune Urke og legg til at det var maksimalt ugunstig for grunnarbeid.

Utover i arbeidet med omsorgsbustadene i Holsekerdalen fekk kommunen godkjenning for å bygge for fleire ulike grupper, og då auka også kostnadene.

– Hadde vi fått gjort alt på førehand, så ville vi fått det rimelegare, seier Urke.

– Det er eit viktig læringspunkt, det blir alltid endring, meiner rådmannen.

Han meiner kommunen i all hovudsak landar på beina i dei prosjekta dei er involverte i.

Investeringar i Ulstein kommune 2005-2015

Alvehaugen: Hadde ei vedteke investeringsramme på 106, 6 millionar, som også vart den samla kostnaden av nybygg og påbygging. Tilskot stod for 19,5 millionar. Kvadratmeterpris på prosjektet: 18.500 kroner.

Ungdsomsskulen: Vedteke investeringsramme i forprosjektet på 150 millionar. Auka til 160 millionar etter anbodskonkurranse. Tilleggsløyving for mellom anna amfi og sponavsug på 1,2 millionar. Den samla kostnaden for den nye ungdomsskulen enda på 160,9 millionar, med ein kvadratmeterpris på 32.200.

Reiten: Første vedtekne investeringsramme for kjøp av eigedomen på 25,6 millionar. Den første ramma på rehabilitering vart sett til 25 millionar. Grunna riving/nybygg og omprosjektering vart rammene auka til 50,2 millionar og den samla kostnaden kom på 75, 8 millionar. Det gir ein kvadratmeterpris på 18.500 kroner.

Sjøgata: Vedteken investeringsramme på 24 millionar. Grunna auka andel for kommunen og garanti vart rammene auka til 27,5 millionar. Den totale kostnaden på prosjektet, inkludert fylket og private kom på 56 millionar.

Omsorgsbustadar Sjøsida: Ulstein kommune vedtok ei investeringsramme på 43,6 millionar. Seinare justert ramme for prosjekt inkludert parkering på 41,4 millionar. Her får kommunen eit tilskot på 16,9 millionar. Kvadratmeterpris 23.700 kroner.

Omsorgsbustadar Holsekerdalen: Vedteken investeringsramme på 92,7 millionar. Justert først til 97 millionar, deretter til 103,9 millionar. Kommunen får eit tilskot for omsorgsbustadane på 26 millionar. Kvadratmeterpris på 19.000 kroner.

Nye Ulsteinhallen: Vedteken investeringsramme på 99,5 millionar. Justering med parkering og andre tillegg gir ny investeringsramme på 103,6 millionar. Ulsteinhallen får tilskot på 23,5 millionar og er bygd med ein kvadratmeterpris på12.900 kroner.

Nye Høddvoll: Vedteken investeringsramme på 50 millionar. Her er det tilskot på 3 millionar.

Vikelva: Ulstein kommune gjorde vedtak om å dekkje ein tredjedel av dei rekneskapsførte kostnadane. Dette var prosjektert av NVE til å vere totalt 22,5 millionar, eller 7,5 millionar for Ulstein kommune. Den kommunale delen vart revidert til 11,4 millionar, og ved ferdigstilling av prosjektet kom sluttsummen for kommunen på 11,6 millionar.

Vegen gjennom Holsekerdalen: I 2008 vart det gjort eit intensjonsvedtak for bygging av vegen gjennom Holskerdalen på 15 millionar. Seinare vart det gjort vedtak om ei brutto investeringsramme på 64,5 millionar. Prosjektet fekk overskridingar på 11 millionar. Her har kommunen stipulert framtidige salsinntekter gjennom grunnkjøp på 45 millionar kroner.

NB! Merk at ikkje alle prosjekta er fullførte, og at det såleis kan kome endringar.

Assiterande rådmann Verner Larsen og rådmann Einar Vik Arset i Ulstein kommune.