Ein innsendar til Vikebladet Vestposten stiller spørsmål ved politiet si vilje til å etterforske eit innbrot i heimen til mora. – Vi gløymer ho ikkje, sjølv om saka er lagt bort, seier lensmann Odd Kulø.

I eit innlegg i lokalavisa reagerer ein person, som ynskjer å vere anonym, på politiet si manglande vilje til å etterforske innbrotet som vart gjort i heimen til mora i Brandal.

– Mor mi sitt hus i Brandal vart for ei stund tilbake ståande tomt då ho flytta på sjukeheim. Ikkje lang tid etter var bandittane på plass, knuste eit vindauge og braut seg inn. Dette var då det tredje huset i Brandal dei «raida», skriv innsendaren i innlegget.

Personen skriv også at eit fjerde hus skal ha blitt utsett for innbrot, og at det truleg er lokale folk som kjenner til når husa i bygda blir tomme.

Vidare skriv innsendaren at saka vart meldt til politiet og bekrefta eine dagen, medan det dagen etter kom eit brev tilbake med beskjed om at saka blei lagt bort.

– At politiet tek så lett på dette undrar meg! Er det fritt fram for slik lovløyse no? Skal eg berre reparere vindauget og vente på neste gong den eller dei finn det for godt? Det er jo fritt fram, ser det ut til. Ditt og mitt gjeld ikkje lenger!, skriv innsendaren vidare.

– Ikkje ei prioritert sak

Lensmannen ved Ulstein og Hareid lensmannskontor, Odd Kulø, bekreftar at dei kjenner til saka, men at saka har blitt lagt bort av ein politijurist, truleg på grunn av lite bevis.

– Eg vil likevel understreke at det ikkje betyr at vi har gløymt saka. Men, denne typen saker kjem i kategorien av saker vi ikkje kan prioritere høgt. Vi kjenner til denne eine saka, og moglegvis ei til, men ikkje fleire slik det kjem fram i dette innlegget, seier Odd Kulø til Vikebladet Vestposten.

– Saka kan opnast igjen

Politiinspektør og sjef for Retts- og påtaleenheten i Sunnmøre politidistrikt, Unni Vikebakk, meiner saka kan opnast igjen, dersom ein finn fleire bevis.

– Eg kjenner ikkje til den konkrete saka. Dersom det har gått for raskt i sakshandsaminga, må vi ta det med det lokale politikontoret. Saka kan opnast igjen om ein ser samanhengen med andre saker, finn konkrete bevis eller liknande. Sunnmøre politidistrikt er eit av dei politidistrikta som har høgast oppklaringsprosent, og spesielt på vinning. Her er ligg vi langt over landsgjennomsnittet, seier Vikebakk avslutningsvis.