Ein mann som er busett på Hareid vart i januar i år sett under tiltale av Statsadvokatene i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane.

Tiltalen gjekk ut på at mannen, mot betre vitande, hadde meldt frå til forsikringsselskap og lensmann at han var fråstolen diverse saker frå to store varebilar som han eigde.

Blant gjenstandane som vart meldt stolne var ein vaskemaskin, tørketrommel og både sommar- og vinterdekk. Den samla verdien på dette vart stipulert til  om lag 60.970 kroner.

Den eine bilen hadde stått parkert på Statens vegvesen sin eigedom like ved Dragsundbrua.

Då mannen tilkalla politiet, opplyste han at døra til varerommet var broten opp. Men politiet som kom til åstaden, klarte ikkje å avdekke tydelege teikn på innbrot.

Auka kravet til 128.49 kroner

Nokre månader seinare leverte mannen inn eit skriv til forsikringsselskapet sitt under overskrifta "oppgave over stjålne varer fra mine bil". I tillegg til ei rekke varer som var stolne ved innbrotet i den første bilen, var det no plussa på ei rekke matvarer frå ein annan varebil som mannen eigde. Han meldte frå at det frå denne varebilen var stole to frysarar fulle av mat. Og erstatningskravet var no kome opp i 128.349 kroner.

Forsikringsselskapet har betalt ut erstatning for sommar- og vinterdekka, med totalt 17.000 kroner.

Saka var oppe i Sunnmøre tingrett 11. desember. Retten kan ikkje sjå at påtalemakta har klart å føre bevis for at den tiltalte er skuldig. Med tanke på dei strenge beviskrava i strafferetten, bevis for skuld utover ein kvar rimeleg og fornuftig tvil, er det ikkje mogleg for retten å konkludere med at tiltalte har dikta opp ei historie om innbrot og tjuveri av gjenstandane som er rita opp i tiltalebeslutninga.

Dommen i Sunnmøre tingrett var samrøystes.  Retten finn ikkje bevismessig dekning for å pålegge tiltalte å betale erstatning til forsikringsselskapet.