Jula er meir enn nokon annan tid på året høgsesongen for brannar, og det er juledagane og i romjula det brenn mest. Ein av dei største brannårsakane er levande lys, men framleis er det mange som slurvar med bruken av det. Ei landsdekkande undersøking gjort av Reposns analyse for forsikringsselskapet Tryg i desember viser at 22 prosent av dei spurde, eller ein av fire, går frå rom der levande lys brenn.

- Det er fire prosent av dei spurde som har opplevd branntilløp i samanheng med levande lys, noko som utgjer 80.000 husstandar, seier kommunikasjonssjef i Tryg Forsikring, Ole Irgens.

Skadar for minst 150 millionar

Nokre av julebrannane har historisk også vist seg å vere dødsbrannar, og sjølv om det har blitt gjort mykje godt førebyggande arbeid, vil det også i år vere nokon som omkjem i brann. Statistikk frå Finans Norge viser at det vil brenne for mellom 150 og 200 millionar kroner i private heimar denne jula, med rot i tal frå tidlegare år. Kommunikasjonssjefen har eitt klart råd:

- Bytt ut levande lys med LED-lys, og går aldri frå eit rom der det brenn levande lys, seier Irgens.

Fem brann-råd i jula:

* Unngå juledekorasjonar med levande lys og glødelampar.

* Gå aldri frå levande lys.

* Innstaler komfyrvakt for å unngå tørrkoking.

* Test røykvarslaren jamleg, og bytt batteri til faste tider.

* Ha alle forsikringar i orden.