Det har vore ei stille og fredeleg julenatt også for ordensmakta, i alle fall i høve dei rapportane vi har motteke frå politiet. Den einaste meldinga vi har fått, skriv seg frå Ålesund der ein bilførar vart stoppa i morgontimane, mistenkt for promillekøyring. Mannen i førtiåra prøvde først å kome seg unna promillekontrollen, men vart pågripen.