Over heile landet kjem medlemer i Fellesforbundet, LO, YS og Unio til å vere i streik onsdag mellom klokka 14.00 og 16.00. I Ulsteinvik vil dei streikande ha stand og apell utanfor Blåhuset, og medlmene oppmodar folk om å støtte opp om streiken.

- Poenget med streiken er ikkje å råke verken elevar, pasientar eller arbeidsgjevarar. Poenget er at vi ikkje likar forslaga til endring av arbeidsmiljølova som regjeringa har kome med, forklarer Marianne Ertesvåg, hovudtillitsvald i Norsk sjukepleierforbund, Ulsteinvik.

Ho understrekar at dei har sikra seg ei grunnbemanning ved sjukeheimen, slik at streiken ikkje skal gå ut over liv og helse.

Olav Høydalsvik, avdelingsleiar i Fellesforbundet, og styremedlem i LO Søre Sunnmøre, meier forslaga om endring av Arbeidsmiljølova vil auke bruken av mellombelse stillingar, føre til førre faste tilsetjingar, meir pålagt arbeidstid og meir søndagsarbeid.

- Det har alt blitt tøffare i arbeidslivet. Det har aldri vore jobba så mykje helg og natt som no, legg Høydalsvik til.

– Større press på sjukeheimtilsette

Marianne Ertesvåg meiner Samhandlingsreforma har ført til større press på dei som jobbar ved sjukeheimane.

- Vi skal ta imot fleire pasientar, og vi skal ta imot pasientar som tidlegare var så sjuke at dei fekk ligge på sjukehus.

Marit Tronstad Ulstein understrekar at streiken onsdag ikkje vil gå ut over elevar i grunnskulen. Han startar først etter at skuledagen deira er over. Hilde Ringen Hofseth meiner forslaget til ny arbeismiljølov vil gå ut over familien og likestillinga, og ho oppmodar folk om å møte opp utanfor Blåhuset onsdag for å høyre meir om forslaget til ny arbeidsmiljølov.