Måndag morgon tok det til å brenne i eit sikringsskap i eit bustadhus i Fosnavåg i Herøy kommune. Då Herøy brannvesen kom til staden var det mykje røyk i huset og dei byrja røykdykking.

Brannvesenet fekk sløkt brannen. Mannen og kvinna som var i huset då det tok til å brenne kom seg ut. Dei vart sjekka av lege på grunn av røykeksponeringa.

E-verket skal no undersøkje sikringsskapet, melder NRK Møre og Romsdal.

Brannen førte til mindre skadar. Det blir oppretta sak, melder Sunnmøre politidistrikt.