I 2014 hadde ferjerute 01 – Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøy i Sande kommune 17 driftsavbrot. No har den uavhengige politiske representanten Bjarne Kvalsvik sendt samferdselssjef Arild Fugelseth eit skriv der han spør kva konsekvensar avbrota har fått for operatøren Norled.

Blant anna spør han om dei har fått pengetrekk – og om fylket har sanksjonar dei kan setje inn for å få til ei betring i 2015?

I brevet strekar Kvalsvik under at driftsavbrota fører til at folk ikkje rekk avtalar, sjukehus, fly o.s.v.. Næringslivet blir også skadelidande – og ikkje minst begynner mange å bli urolege:

- Som medlem av samferdselsutvalet har eg fått mange telefonar frå folk som er oppgidde og redde for at ulykker kan hende, skriv Kvalsvik.

Det er ein lesar av lokalavisa Vestlandsnytt som har sett opp ein logg over alle driftsavbrota og sendt inn ei oversikt til avisa.