Då Ulstein formannskap var samla til møte i går (tysdag) fremja dei følgjande kandidat til "Årets reiselivspris 2014": Hakallegarden.

Hakallegarden ligg i Vanylven kommune.

"Heile året kan store og små leggje søndagsturen til den flotte Hakallestranda, bli betre kjent med dei firbeinte, ta ein matbit i den koselege kafèen, kjøpe brukskunst og silkemjuke alpakkaprodukt, og vandre i kunstgalleriet som blir til i fjøsen kvar sommar når dyra får beite ute." skriv Hakallegarden på nettsida si.

Garden blir driven av Aina Moldskred Krakset, som tidlegare dreiv Krukkehuset i Ulsteinvik.

Det har no blitt laga ein barne-tv-serie om Marit frå Hakallegarden som har premiere førstkomande tysdag.