– All forsking viser at det ikkje blir fleire tilsette ved auka tilgjenge til mellombels tilsette. Det blir berre fleire mellombels tilsette.

Det sa Olav Høydalsvik, leiar i Fellesforbundet på Søre Sunnmøre då han heldt appell under markeringa mot den nye arbeidsmiljølova i Ulsteinvik onsdag.

Råkar dei svakaste

Ei stor gruppe var samla i Blåhuspassasjen for å vise sin motstand mot framlegget frå regjeringa.

– Dei som stiller svakast i arbeidsmarknaden er dei som blir skadelidande. Ungdomen, funksjonshemma, innvandrarar. Dei vil få større problem med å få fotfeste i arbeidslivet. Det blir framtida sine lausarbeidarar. Vi seier nei til regjeringa sitt lausarbeidersamfunn, slo Høydalsvik fast.

Markeringa i Ulsteinvik er ein liten del av ei stor markering, og Høydalsvik fortel at om lag 1,5 millionar menneske står saman mot ny arbeidsmiljølov.

Han peika på at det vil verte vanskelegare å seie frå om dårlege arbeidstilhøve, når arbeidstakarane er redde for å ikkje få halde fram i jobbane sine.

Han retta ein finger mot arbeidsgjevarar som er positive til det nye lovforslaget.

– Det er ei kortsiktig haldning. Det norske næringslivet sin suksess er grunna eit tett samarbeid mellom leiing, tillitsvalde, og lojale og dyktige tilsette ute på bedriftene. Det er nøkkelen til nyskaping, produktivitet og omstilling.

Høydalsvik fryktar at endringar i arbeidsmiljølova kan føre til mindre lojalitet hjå dei tilsette, og at bedrifter ikkje kjem til å satse på å auke kompetansen hjå arbeidstakarar som berre har ei mellombels tilsetjing.

Går ut over kvinnene

– Det er frekt å kalle dette ei reform for større fleksibilitet og fridom for den enkelte. Det er stikk motsett. Det er ei reform for auka uvisse, mindre fridom og mindre likestilling.

Leiaren frå Fellesforbundet slo fast at framlegget vil ramme kvinner ekstra hardt.

– Det er allereie fleire kvinner enn menn i midlertidige stillingar. Blir det endå enklare å tilsette folk mellombels, så fryktar vi at det vil gå ut over unge kvinner. Lengre arbeidsdagar, meir sundagsarbeid er ikkje familievenleg. Det fremjar ikkje likestilling.