Ein bil køyrde av vegen ved Sæviktunnelen rundt midnatt, med store materielle skader som resultat.

Dei involverte gjorde forsøk på å dra bilen opp på vegen att ved hjelp av eit anna køyrety, men utan å lukkast.

Dei tre personane  som oppheldt seg ved den havarerte bilen for deretter frå staden i det andre køyretyet. Etter at politiet hadde leita etter dei, vart bilen bunnen att ute på Runde. Der var også dei tre personane.

På grunn av skadeomfanget på bilen som hadde køyrt av vegen vart dei sjekka av helsepersonell, men det vart ikkje påvist fysiske skade på dei tre. Sjåføren måtte likevel til sjukehus, men det var for at politiet skulle få tatt blodprøve av vedkomande som synte seg å vere rusa. Mannen i trettiåra må vente seg eit oppgjer med politiet som har oppretta sak på tilhøvet.

Laga trøbbel ved Ungdomskaféen

Ungdomskaféen på Hareid fekk seint fredag kveld vitjing av ein full mann i trettiåra. Han prøvde å kome seg inn i lokalet, men vart avvist. Før politiet kom til staden hadde den brysame gjesten valgt å dra frå staden.