Bustadlån til under to prosent flytande rente er historisk lågt. – Ganske oppsiktsvekkjande, seier dagleg leiar for Finansportalen.

– Denne veka ser vi for første gong effektiv bustadlånsrente under to prosent. Dette er ganske oppsiktsvekkjande, seier dagleg leiar Elisabeth Realfsen i Finansportalen, som er ei nettside underlagt Forbrukarrådet.

Det er Etne Sparebanks lån «Him til Etne» som har så låg rente. Men for å få bustadlånet må ein flytte til Etne kommune i Hordaland, kjøpe eller byggje bustad – og vere totalkunde i banken.

Det er ikkje berre flytande rente som fell. Billegaste fastrentelån har per 29. januar 2015 ei effektiv rente på 2,3 prosent for tre års binding. Det er Danske Bank som har dette tilbodet.

– Dette er veldig gode nyheiter for alle med bustadlån. Det er no historisk billeg å forsikre seg mot rentehopp ved å inngå fastrenteavtale på heile eller delar av bustadgjelda, seier Realfsen.

Låge renter er ikkje like positivt for alle. For folk med pengar på bok betyr dei låge rentene at mange taper pengar etter inflasjon og skatt, skriv nettsida