Om det ikkje var nok kontroversar når det gjeld situasjonen i sambandet Hareid - Sulesund frå før, så blir det ikkje mindre no når det kjem fram at ferjemøtet tysdag blir lukka. Det var Sunnmørsposten som først skreiv om saka.

- Det vil berre bli ei sak som går på forholdet mellom Norled og Møre og Romsdal Fylkeskommune. Det blir ikkje ei offentleg sak, sa leiar i samferdsleutvalet i fylket, Oddbjørn Vatne, til Sunnmørsposten då han blei konfrontert med lukkinga.

Vatne forklarar vidare at det kan vere at enkelte delar av møtet kan haldast opent for offentlegheita, men at fleire diskusjonar må haldast for lukka dører.

Offentlegheitsekspert reagerer

Det er nettopp det at møtet blir annonsert lukka på førehand som vekkjer merksemd hos offentlegheitsekspert Gunnar Bodahl-Johansen.

- Utgangspunktet er at alle møte skal gå for opne dører. For det første har han ingen rett som møteleiar å bestemme om møtet skal lukkast. Det må skje i ei avstemming gjort i møtet og samstundes vere i tråd med lova, seier Bodahl-Johansen til avisa.

Konfrontert med kritikken frå Bodahl-Johansen fortel Oddbjørn Vatne at han har vore for lite tydeleg på framgangsmåten til samferdsleutvalet.

- Vi tek opp i starten av møtet om vi må lukke det, seier han.

Argumentasjonen til Vatne om lukking handlar om fylkeskommunen sin forhandlingsposisjon.

- Handlar det om å sette inn ei ny ferje, eller ei ferje som er ute av drift, så er det vanskeleg for meg å sjå at dette skal gå for lukka dører. Det høyrest meir ut som ein generell diskusjon om ferjedrifta, seier Gunnar Bodahl-Johansen avslutningsvis til Sunnmørsposten.