– Vi er alle i same båt. Vi finn oss ikkje i dette, seier Tonje Alvestad til Vikebladet Vestposten.

Ho oppretta i førre veke ei Facebook-side som har rukke å bli mykje likt. Heile 2.323 personar hadde likt sida onsdag ettermiddag, snart ei veke etter ho oppretta sida.

Det er ikkje til å stikke under ein stol at Ullensvang-sagaen har toppa seg i det siste. Ferja fekk trøbbel i førre veke, og det blei røykutvikling frå motorrommet. Denne hendinga, som har ført til at ein ikkje heilt veit når ho er tilbake, og ei rekke andre hendingar og oppslag i media fekk begeret til å renne over for Alvestad.

– Eg oppretta gruppa fordi eg kjende på det boblande engasjementet i min eigen nære omkrins, og det blei også mange diskusjonar kring temaet på arbeidsplassen. Eg byrja å lese ein del artiklar som handla om samferdselsproblema i regionen og spesielt problema på sambandet Hareid–Sulesund, for å samle litt det som blei sagt av folk rundt om i regionen. Eg såg raskt ein raud tråd i det folk sa, både næringslivsfolk, politikarar, men også mannen og kvinna i gata. Det var rett og slett, kva var det vi sa?, seier Alvestad.

– Ei helg med mykje Facebook

Ho tenkte at mange kunne stille seg bak dette spørsmålet, så ho kalla gruppa for nettopp «Kva var det vi sa?».

– Ikkje hadde eg trudd at engasjementet skulle føre til at så mange melde seg inn berre i løpet av første kvelden, og dei første dagane. Den enorme oppslutninga på kort tid vitnar om at vi alle er i same båt. Det blei ei helg med mykje Facebook, seier Tonje og smiler.

I Facebook-gruppa står det at den skal vere ein arena for eit folkeopprop frå menneska i ein av Norge sine fremste næringsregionar.

– Gi oss samferdselsalternativ som vi kan leve med og av, skriv Tonje Alvestad på sida.

Som medadministrator har ho fått med seg Knut Kleiven.

– Oppslutninga vitnar om at mange er einige med oss, og at gruppa er komen for å bli, seier Kleiven og legg til:

– Med denne gruppa vil vi halde liv i eit opprop frå folket på øyane, men også for dei som pendlar andre vegen. Denne gruppa kan vere ei ekstra sterk stemme for folket mot den galskapen som går føre seg no.

Mange ropte varsku

Alvestad og Kleiven er ikkje i tvil om kva som må vere målet.

– Vi treng ein god infrastruktur og eit godt samferdselstilbod for å vere ein attraktiv bu- og arbeidsmarknadsregion, som står i stil med næringslivet her. Sambandet har fungert tidlegare, og når det kom meldingar om at det ville bli endringar i sambandet var det mange som ropte varsku, seier Alvestad og Kleiven.

Dei fortel at det er dei som ikkje rekk heim i tide, eller til barnehagen for å hente borna sine, fordi ferja er full, eller fordi ferja er halvfull og må gå fordi ho ikkje skal bomme på tida.

– Eg trur mange lurer på korleis sambandet kunne bli dårlegare enn slik det var, kvifor ingen av folket blei spurt om endringane, og kvifor ingen fekk bidra inn mot prosessen, seier Knut Kleiven, som også poengterer:

– Dette er ikkje ferjemannskapet sin feil. Dette skuldast dårlege kontraktar som har blitt inngått mellom fylkeskommunen og ferjeselskapet.

Tonje Alvestad og Knut Kleiven oppmodar til slutt dei som enno ikkje har blitt med i gruppa om å bli med og støtte saka.

Facebook-gruppa «Kva var det vi sa?» har allereie over 2.300 medlemmer.