Elevar og lærarar på programfag for helse- og oppvekstfag ved skulen, har i fleire år ordna til seniorparty, der dei inviterer inn besteforeldra til middag og kaker.

Seniorparty er ein del av prosjekt til fordjuping, som igjen er ein del av programfaget for elevane på Vg1 HO.

- Det er veldig lærerikt å kunne stelle i stand ein slik fest. Ikkje minst lærer vi mykje av å jobbe i lag i grupper, der nokre elevar står for pyntinga, medan andre planlegg middagen og kakebakinga. Sjølvsagt er det spesielt kjekt å få lov til å invitere besteforeldre til ein samankomst på skulen vår, samstemmer Karoline Gjerde Speleman får Hareid, Helene Kragseth Tarberg frå Herøy og Renate Eidsvik Nygård frå Hjørungavåg.

Heimelaga lapskaus og kaker

Dei tre jentene går alle i same gruppe på Vg1 helse- og oppvekstfag ved Herøy vgs. Sist onsdag laga dei til – naturlegvis i lag med alle dei andre elevane i gruppa – heimelaga lapskaus og mange smakfulle kaker som besteforeldra sette stor pris på.

Fire felt

I faget prosjekt til fordjuping skal elevane innom mange delemne. I løpet av skuleåret på Vg1 er dei innom 4 ulike periodar; barn, ungdom, funksjonshemming og eldre. Som ein del av denne eldreperioden innanfor prosjekt til fordjuping, er seniorparty eit viktig og populært innslag. Jentene har stått på og pynta, planlagd og førebudd ein kjempegod lapskaus med gode råvarer, og laga fleire lekre kaker.

- Det er veldig artig at vi også får mulegheit til å jobbe med praktiske ting i løpet av skuleåret. Det er kjekt med variasjon, fortel herøyværingen Helene Kragseth Tarberg.

Bildetekst 0289: F