I 2012 vart Ulsteinvik kåra til landets mest attraktive tettstad. No har Ulstein kommune har kasta seg inn i kampen om nok ein pris: Årets varmepumpekommune.

3. mars vert det klart kven som stikk av med tittelen "Årets varmepumpekommune". Det skjer i samband med Varmepumpekonferansen 2015 som finn stad på Fornebu tysdag og onsdag komande veke.

Det er Norsk Varmepumpeforening (Novap) som er arrangør og det er også dei som står bak prisen. Norsk Varmepumpeforening er ein uavhengig interesseorganisasjon som jobbar for å auke utbygginga og bruken av varmepumper.

For å kunne verte nominert må kommunane mellom anna ha tatt aktivt del i å auke bruken av varmepumper i sin eigen bygningsmasse. Dei må elles ha sett i verk tiltak retta mot innbyggarane i kommunen for å auke bruken av varmepumper i bustader og private næringsbygg og også ha medverka til å gjennomføre innovative og nyskapande prosjekt.

I søknaden sin har Ulstein kommune tatt utgangpunkt i fjordvarmeanlegget som no er under utbygging:

- Ulstein Fjernvarme har valt løysing og teknologi ut frå geografisk beliggenheit og med tanke på fleksibel teknologi i framtida. Ulstein har difor valt å gå for ei løysing med varmepumper som forsyner dedikerte område/bygningsgrupper og som har hovudenergikjelda si frå fjordvarmeanlegget som er bygt ut i sentrale strøk av Ulsteinvik, heiter det i søknaden.

Her vert det også opplyst at det skal byggast ut 16 varmepumpesentralar på fjordvarmenettet. Meininga er at dette skal kunne utvidast i framtida. Storleiken på varmepumpene som er knytt til anlegget varierer frå 150 til 1600 kW.

Dei tre første varmepumpesentralane vil verte sett i drift i løpet av dette året.