Søre Sunnmøre tingrett har dømt ein skipper til å betale ei bot på 12.000 kroner, pluss sakskostnader på 3000 kroner, fordi han 30. januar 2013 hausta tare i feltet 34D, trass i at området var stengt for taretråling.

Selskapet som eig båten, har også fått bot. Kroner 60.000, pluss sakskostnader på 3000 kroner.

- Ved denne vurderinga tek retten utgangspunkt i at det påkviler profesjonsutøvarar ei streng plikt til å halde seg orientert og oppdatert på ei kvar tid gjeldande reglar for næringa. Den sikta har sjølv forklart at han har drive med taretråling i til saman 20 år. Korvidt han var kjent med at det kom ny forskrift kvrt femte år, har han ikkje forklart seg om, men retten meiner han burde vere kjent med dette, og at han burde halde seg orientert om eventuelle endringar, heiter det mellom anna i rettspapira.