I januar månad stod det att tilsaman 1.977 bilar ved ferjeleiene på Hareid og Sulesund. Kjem det ikkje inn ei tredjeferje i sambandet, vil talet på attståande bilar i heile 2015 truleg bli mellom 2 og 3 gonger større enn i heile 2014.

Det er hareidsordførar Anders Riise som melder dette frå hovudstaden. Saman med Kjell Sandli (næringsforeninga i Ålesund), Rakel Dyrhaug (Hareid næringsforum) og Frank Sve (samferdselsutvalet i fylket) fekk han gjennomført eit orienteringsmøte i samferdselsdepartementet måndag føremiddag. Sjølvsagt var temaet for møtet den prekære situasjonen for ferjesambandet Hareid-Sulesund etter at Norled trekte ut ei av «tide-ferjene» sine til fordel for «Ullensvang».

Riise trur det høge talet på attståande bilar gjorde inntrykk på Hoksrud.

- For det er eit veldig høgt tal med 1.977 bilar i ein såpass trafikksvak månad som januar. Det seier litt om dei utfordringane og kostnadene både dei private og næringslivet har.

- Når det står att så mange bilar i januar, må vi rekne med at vi på årsbasis risikerer å hamne oppe i 30.000 attståande bilar, dersom kapasiteten ikkje blir auka, seier Riise.

Til samanlikning stod det att 11.931 bilar i heile 2014 mot «berre» 6.769 i 2013. Frå nesten ei dobling frå 2013 til 2014, står vi altså i fare for ein ytterlegare auke på mellom to og tre gonger i 2015. - Det kan vi ikkje leve med, seier Riise.

Håper på statleg samband

I møtet med Hoksrud var delegasjonen også inne på neste anbodsrunde i 2016 og kravet om å få Hareid-Sulesund omgjort til eit statleg samband. Noko som på ein heilt annan måte vil sikre midlar til sambandet. Slik det er i dag, med eit fylke som er pressa på pengar, er det ikkje enkelt å få auka løyvingar.

Hareid-Sulesund frakta 785.740 bilar i 2013. Året etter hadde det auka til 830.004.