Frå Ulstein gjekk følgjande tre sceneinnslag vidare:

* Bojah Crew med låta «Uptown Funk»: Olav Grimstad Arnesen, Andreas Sæbø, Håkon Rabben, Brede Espelid og Johannes Kristiansen.

* Sophie Brevik Nesse med rytmisk gymnastikk

* Victoria Skeide med songen «Stay With Me».

Juryen for scene understreka at det var svært høgt nivå, og ikkje enkelt å skulle velje ut berre tre sceneinnslag.

Juryen ønska også at alle tre konferansierar skulle gå vidare til fylkesmønstringa, men kvota er maks to frå kvar kommune. Brødrene Fiskaa Ødegård (Iver, Erlend og Martin) fekk difor vere med og avgjere sjølve kven av dei som skal representere Ulstein i fylkesmønstringa.

Konferansierar frå Ulstein blir:

* Martin Fiskaa Ødegård

* Erlend Fiskaa Ødegård

Nettredaksjon:

*Katrine Mæhlum Pilskog fekk ei god vurdering av jury og skal delta som fotograf og journalist i fylkesmønstringa.

Sceneteknikk:

*Emilie Grønmyr går vidare innanfor scenerigg etter å ha gjort ein solid innsats under lokalmønstringa.

Kunstutstilling Ulstein:

*Marie Mork Blindheim stilte med fire bidrag under lokalmønstringa, og går vidare til fylkesmønstringa med fotografiet med tittel «Aurora Borealis».

*Helene Dammerud skal representere kommunen med si digitale teikning med tittel «Papir stjerner».

Kunstutstilling Hareid:

*Malin Bø Nevstad gjekk vidare med sin installasjon med tittel «The Mother, The Hatchlings and The Hunter».

*Sara Helen Haram gjekk vidare med eit fotografi med tittel «Nature».

Juryen som vurderte kunst melder også om at det var mange gode bidrag. Fleire av kunstdeltakarane under lokalmønstring er ikkje gamle nok til å ta del på fylkesmønstring. Juryen oppmodar dei unge kunstnarane om også å melde seg på UKM til neste år.

Desse skal representere Hareid på scena:

*Søskenparet Sofie og Simon Gjerde Tonev med låta «Treacherous».

*Teatergruppa AtleKane med Kari Eline Ulvestad, Elliot Mandela Vasstrand Hodge, Anniken Sofie Skog og Lise Lorgen Gloppholm.

Arrangøren ved Annika Brandal og Marie Flatin ved kulturkontoret i Ulstein er godt nøgde med årets lokalmønstring, og meiner juryane hadde ein tøff jobb. –Vi gler oss over at vi har mange dyktige ungdommar i våre to kommunar. Dei juryane har valt ut er gode representantar for vårt kulturelle mangfald, kommenterer dei.