Statsadvokatene i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane har sett ein 23 år gammal mann under tiltale i Straffelova paragraf 233, første og andre ledd

-  for med overlegg å ha forvalda ein annans død, under særdeles skjerpande omstende.

Grunnlaget for denne tiltale er:

- Fredag 8. august 2014 i ei leilegheit i Vonheimsteigen 23 på Hareid stakk han, etter vurdering, Sami Muthanna Milhem fleire gangar med kniv. Han vart funnen ille tilreidd og mangla fleire kroppsdelar

Obduksjonsrapporten viste at han blødde i hel.

Likskjending

23-åringen er vidare tiltalt etter Straffelova paragraf 143 første ledd, for å ha mishandla eit lik.

– Dette er ei djupt tragisk sak, og han har vanskeleg for å forstå korleis han kan ha gjort noko slikt, seier forsvararen, advokat Johnny Veum, til NTB onsdag.

23-åringen var rusa under drapet, men vil i retten fortelje det han kan hugse frå drapet, fortel forsvararen.

– Han erkjenner å ha begått drapet, og han erkjenner straffskud for forsettleg drap. Så er han usikker på om dette er skjedd med overlegg, og det vil han be retten vurdere, seier Veum.

Tiltalen er tatt ut etter ordre frå riksadvokatane.

Krav om erstatning/oppreising til avdøde sine etterlatte, vil bli fremja av bistandsadvokatane.

Rettssaka startar i Sunnmøre tingrett måndag 16. mars.