Den digitale omveltinga gjer at det i år for første gong ikkje let seg gjere å samanlikne opplagsutviklinga for avisene med tidlegare års tal.

– 2014 vart eit år med både positive og negative utviklingstrekk for Vikebladet Vestposten, seier redaktør Anne Gry Eilertsen.

– Som avishus flest har vi også i år hatt ein viss opplagsnedgang på papiravisa, medan nettavisa vår skorar svært høgt i oppslutning. Ja, faktisk har den lokale nettavisa vår størst oppslutning i heile Søre Sunnmøre og Nordfjord med 8.000 daglege brukarar på nett og 4.000 på mobil.

16.000 daglege lesarar

– Samla sett har avishuset vårt i dag i følgje Mediebedriftenes Landsforening sine statistikkar 16.000 godkjende daglege lesarar. Møre-Nytt, som også har fått vurdert lesarmassen sin på papir + nettavis, har 12.000 godkjende daglege lesarar.

– Dette er gode tal som vi tek med oss i den vidare satsinga i 2015, seier redaktøren.

Mange slags «opplag»

I år finst det to opplagskategoriar for hovudproduktet «papiravisa». Den eine gjeld den handfaste papiravisa, den andre gjeld papiravisa overført digitalt.

Opplagsstoda for lokalavisene på Søre Sunnmøre i fjor var denne:

Samlekategori

(opplag papiravis + opplag digital papiravis):

Møre-Nytt 5.190 (4.955 + 235)

Vestlandsnytt 4.767 (4.654 + 113)

Vikebladet/Vestposten 3.966 (3.886 + 80)

Møre 3.373 (3.346 + 27)

Synste Møre 2211 (2167 + 27)

Nettavisa

I Polaris Media sin interne årsrapport kan vi lese at vikebladet.no si nettavis har 8.000 daglege brukarar på nett og 4.000 på mobil.

Møre-Nytt si nettavis har 5.000 daglege brukarar på nett og 3.000 på mobil. At nettavisa til Vikebladet Vestposten er større enn Møre-Nytt si tilsvarande kjem nok av at Vikebladet Vestposten kom tidleg i gang med nettavis. Møre-Nytt si nettavis har elles vore inne i ein hemmande periode med betalingsmur. Men denne er no fjerna. Vestlandsnytt har til no halde seg utanfor nettavissatsing, medan Møre og Synste Møre har ei beskjeden satsing.

- Vi kjem til å satse endå meir på nett i tida framover. Ei av utfordringane våre blir å lage ulike versjonar til nett og papir. At abonnentane våre no også kan få heile papirutgåva som E-avis, nesten same kvar dei er i verda, vil framleis gjere det attraktivt å abonnere på Vikebladet Vestposten, seier redaktøren.