Arne Moltubak, som no sluttar som sokneprest på Vartdal og blir ny sokneprest i Ørsta, fekk Ivar Grimstad si sunnmørshumorbok «Velsigne kjeften din, prest» i avskilsgåve frå soknerådet på Vartdal, skriv Møre-Nytt.

- Han humra seg gjennom takketalen sin, legg avisa til.

Ivar Grimstad, rektor ved Møre Folkehøgskule i Ørsta, og redaktør i Vestposten på Hareid, gav ut tre bøker om sunnmørshumor: "Velsigne kjeften din prest", "Reven bak øyret" og "Eg vil ikkje høyre eit vitigt ord".

For nokre år sidan vart historiene i dei tre bøkene samla i ei utgåve, som fekk namnet "Velsigne kjeften din prest", og det var nok denne soknepresten på Vartdal fekk i avskilsgåve.

Alle bøkene har kome ut på Samlaget.