I ei pressemelding frå kommunal- og moderniseringsdepartementet kjem det fram at kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner har lansert ein pris for den mest attraktive byen i Norge. Prisen har fått namnet "Attraktiv by: Statens pris for bærekraftig by- og stedsutvikling."

”Attraktiv by”, ein pris på totalt 250.000 kroner, skal gå til planlegging og utvikling av byar som er berekraftige økonomisk, sosialt og miljømessig.

Prisen rettar seg mot små, mellomstore og store byar. Det er ikkje eit kriterium at staden har bystatus, men at ein kan vise til resultat i form av bymessige kvalitetar. Prisen delast ut til ein bestemt by, eit mindre område i i byen, eller eit samarbeidsprosjekt mellom by og kringliggande område som fremjar berekraftig utvikling.

- Eg håpar mange nominerer sin by, det finnast mykje god byutvikling som fortener ein slik pris, seier Sanner.

Alle kan nominere kandidatar. Det kan gjerast heilt enkelt ved å skrive inn ditt forslag til kva slags by som er den mest attraktive på Facebook eller på nettsida til departementet.