Helse- og omsorgsdepartementet har bestemt at gebyret for å ikkje møte til avtalt legetime skal aukast frå 320 kroner til 640 kroner. Ei endring som tredde i kraft 1. januar i år. Det skriv Sunnmørsposten.

– At så mange ikkje møter til avtalte timar, er eit stort problem for helseregionane. Nå ønskjer vi – gjennom å doble gebyra – å markere kor store kostnadar dette fører med seg. Pasienten skal merke på lommeboka at vedkommande uteblir utan å gje beskjed.

Det sa helseminister Bent Høie til Stavanger Aftenblad i fjor haust.

10.000 møtte ikkje opp

Ifølgje Helse Møre og Romsdal var det så mange som 10.000 som valte å ikkje møte til avtalt legetime i Møre og Romsdal i 2013. Dette heldt fram inn i 2014 også, men nyare tal er ikkje klare, skriv smp.no.

Karsten Aak i brukarutvalet fortel til same avis at han meiner det er for lite respekt blant folket, når så mange ikkje møter til timane sine.

– Vi slit med lange køar og ventelister. Manglande oppmøte skaper problem for dei som faktisk skal møte, seier Aak.