Svaret var på Marit Øien Sæverud (KrF) sitt grunngjeve spørsmål om stoda i prestebustad-saka.

- Eg deler bekymringane, sa Rise innleiingsvis før han kom med ei brei formell utgreiiing. Om framdrifta sa han at det var ”full fokus på saka”.

Eit nytt og kompliserande punkt var eit rundskriv frå departementet om prestane si buplikt. Frå 1. september i år er det nemleg bestemt at prestane ikkje lenger skal ha plikt til å bu i tenesteboligane sine. Ordføraren sa at han ville ”klarere” dette skrivet snarast råd med tanke på kva innverknad det ville få på lovnadene om tilskot frå bispedømet.

Det kom elles fram i ordføraren sitt svar at det enno ikkje var sendt ut papir til ny anbodsrunde, etter at den første anbodsrunda – som hadde 7 tilbydarar – vart annullert. Men utsending ville skje med det første, lova han.

Til Øien Sæverud sitt spørsmål om kor vidt kommunen mangla fagleg kompetanse til å handtere slike prosjekt som prestebustaden sa ordføraren ”nei”, men la til at rådmannen sin organisasjon i fleire høve ikkje har nok ressursar og kapasitet.