Ved Hasund skule er det 7,1 elevar per datamaskin. Landsgjennomsnittet er på 2,9.

Dette kjem fram i ein tilstandsrapporten for grunnskulen i Ulstein som levekårsutvalet skal diskutere i morgon, tysdag 24. mars.

Best stilt er Ulstein ungdomsskule. Der er det 2,3 elevar pr. datamaskin.

Ulstein skule har 3,5 elevar pr. datamaskin. Ulsteinvik barneskule har 3,8 elevar pr. datamaskin. Haddal skule har 4,1 elevar pr. datamaskin.

Bør kjøpe fleire

I rapporten kjem det fram at Ulstein kommune bør prioritere å skaffe skulane fleire datamaskiner, for å nærme seg det nasjonale snittet, og for at det skal bli jamnare mellom skulane i kommunen.

- Spesielt Hasund skule vil få store utfordringar med å sikre lovleg drift i høve Kunnskapsløftet (IKT som grunnleggjande ferdigheit i alle fag). For fleire av skulane vil PC-mangelen vere dagleg flaskehals for godt læringsmiljø, heiter det i rapporten.

Kommunalleiar Gry Osnes Nordal skriv at som ambisiøs skulekommune bør ikkje Ulstein liggje under nasjonalt nivå på ressursbruk per elev.

Stadig nye bruksområde for IKT i undervisninga og kartlegging på alle trinn, har auka presset på PC-tilgangen i kvardagen dramatisk på kort tid. Ungdomsskulen har signalisert ambisiøse mål for teknologi og IKT som grunnleggjande ferdigheiter, og ser eit behov for ein PC til kvar elev i den samanhengen.

Meir om denne saka kan du lese i papirutgåva av Vikebladet Vestposten i morgon.