Den siste tida har det vore til dels stor aktivitet på Osnessanden, men no har det ikkje i hovudsak vore bading eller rekreasjon som har hatt hovudfokus. I staden er det gravemaskiner som har trakka rundt i sanden.

– Eg ringde teknisk sjef og forklarte situasjonen. Vi har hatt ein jamn dialog, fortel Bjørn Tafjord.

– Det har vore litt langsmed. Dette er prosjekt som må inn på økonomiplan, og så måtte ein finne ut om røyrleidninga måtte vere her, seier teknisk sjef Arne Runar Vik.

Før helga var dei to nede på Osnessanden for å inspisere arbeidet som har blitt gjort.

Fjerna fylling

Ulstein kommune har no fått fjerna ei steinfylling og oppgradert ei røyrleidning for overflatevatn.

– Vi vurderte om vi kunne la vatnet renne over sanden, men sidan her er mykje trafikk, og kanskje den mest brukte delen av sanden så fann vi ut at det ikkje var ei god løysing, seier Vik.

I staden brukar ein eit lengre rør med større dimensjon enn tidlegare.

– Fyllinga som har vore her har verken vore fin eller særleg god å bruke for dei som badar, fortel Vik.

Bjørn Tafjord legg til at fyllinga har vore skoten stein.

– Den er kantete og spiss, og eg har sett ungar som har gjort seg forskjellig der nede, fortel Tafjord.

Han meiner at i tillegg til å vere mindre tiltalande å sjå til, så har fyllinga også påverka sandbalansen på Osnessanden.

– Vi fann ut at det beste var å få fjerna fyllinga, og at vi fekk legge ned rør med lodd slik at det ligg permanent og fast, fortel Vik.

Vinn-vinn

Undervegs i arbeidet med å rydde opp i steinfyllinga, har ein også fått fleire oppsider.

– Her har vi også ei kloakksanering. Det var nokre hus der vi fekk sigevatnet frå septiktankane kom ut her. Det var rett nok ute på djupna, men det var uansett ikkje bra i kombinasjon med ei badestrand.

– Eg må skryte av kommunen og teknisk etat. Eg synest det har vore følgt opp på ein veldig god måte. Dette viser at det går an å kome med private initiativ og at ting blir teke tak i. Det har vore veldig kjekt, fortel Bjørn Tafjord.

– Det er kjekt å høyre. Det er også slik at vi i kommunen leitar etter prosjekt som kan vere vinn-vinn, slik som her, der vi både får fjerna kloakk og forbetra tilhøva for badegjestar, samt det reint estetiske, seier Arne Runar Vik.

Teknisk sjef legg til at det er fint å få innspel, slik som frå Bjørn Tafjord, og at det kan vere lurt å følgje opp nokre gongar i ettertid.

– Det er ikkje alltid nok med ein telefon, smiler Vik.

2015 er Friluftslivets år og Arne Runar Vik fortel at Osnessanden er viktig både for friluftsliv og rekreasjon.

– Eg brukar sanden mykje sjølv, og ser kor mykje folk her kan vere om sommaren. Det er eit fantastisk rekreasjonsområde. Den er veldig mykje brukt heile året, legg Bjørn Tafjord til.

– Det er eit stort aktivum å ha eit slikt område, meiner Arne Runar Vik.

No håpar Tafjord at det skal vere mogeleg å gjere endå meir for å gjere Osnessanden så attraktiv som mogeleg.

– Det som burde vore her er eit sanitæranlegg med mellom anna dusj og toalett. Det beste ville vere å ha noko permanent, men det er også ei løyvings- og prioriteringssak, fortel Arne Runar Vik.