Men utsiktene vidare er meir usikre, meiner Bergsvein Øvrelid som er avdelingsbanksjef for bedriftsmarknaden hjå Nordea i Ulstein og Hareid.

Sist veke presenterte han, saman med Endre Vatne,

avdelingsbanksjef i privatmarknaden, samt Trond Egil Halvorsen som er ansvarleg for Private Banking, Nordea si utvikling i løpet av 2014, og utsikte deira for 2015.

Høg aktivitet

Øvrelid fortel at Nordea lokalt har hatt ein normal vekst på utlån for bedriftskundar, medan veksten på utlån til privatkundar er betydeleg.

– I tillegg har vi kraftig vekst i volumet for investeringsprodukt for personmarknaden, kan vise til svært låge tap, medan vi har gjennomført kostnadsreduksjon og effektivisering.

Nordea viser til at enn så lenge er det framleis er mykje å gjere for det lokale næringslivet, med fulle ordrebøker og høg sysselsetting.

– 2014 var prega av høg aktivitet, fulle ordrebøker i stort sett alle delar av næringslivet og stor byggeaktivitet. Litt færre næringsbygg. Entreprenørbransjen hadde eit kanonår i 2014 med mange store prosjekt.

– Jo lenger fram ein ser med dagens oljepris, jo meir usikkert blir det. Samstundes svekka krona seg veldig, og det er ikkje berre eit problem, sidan delar av norsk næringsliv tener godt på det.

Øvrelid reknar med at det vil verte eit fall i oljeinvesteringane i løpet av 2015, og at det på sikt vil gje negative konsekvensar for ein del verksemder, om ein ikkje får ein oppgang i oljeprisen.

– Men det vi kjenner på er at det absolutt ikkje er noko krisestemning rundt oss. Noko katastrofe er det ikkje.

Taper pengar på sparekonto

Nordea reknar ikkje med at ein vil merke dei store endringane lokalt i løpet av 2015, mellom anna fordi dei framleis har stor pågang for finansiering frå lokalt næringsliv.

– Vi ser også i personmarknaden at kundar lånar pengar til bustad, og prisane der ser ut til å halde seg stabilt, fortel Endre Vatne og legg til at det framleis er stor etterspurnad etter bustadar.

Med svært låge renter har ein fått ein situasjon der det å ha pengar i banken ikkje er lønsamt.

– Kontorenta er frykteleg låg og nordmenn har veldig mykje pengar på konto. Vi har mykje tradisjon for sparing. Medan svenskar og danskar brukar meir fond, så er det sparekonto som er vanlegast i Norge, fortel Trond Egil Halvorsen.

Slik renta er no, så er inflasjonen større enn kontorenta.

– Det er all grunn til å vurdere alternativ og vi merkar at fleire kundar kjem og spør etter andre mogelegheiter.

Halvorsen meiner det har vore eit litt for svart-kvitt bilete av risikoen ved andre spareordningar.

– Jobben vår er å finne den rette profilen for kvar kunde. Det ligg mykje vane i det å spare på konto, men det er ikkje det som er den lønsame måten, slår Halvorsen fast.