Hareid Venstre har lansert kommunevallista si.

- Vi synest vi har fått ei svært god liste, med ei blanding av personar med erfaring og nye namn, kommenterer Gunn Berit Gjerde i Hareid Venstre.

Alle krinsane i Hareid er representerte.

- Annika Brandal er ordførarkandidaten vår. Ho har etter kvart samla seg solid praktisk politisk erfaring. Og toppane elles er unge og entusiastiske, og klare for ein skikkeleg innsats for kommune. Dt har vore ei gelde å arbeide med listestilling, når så mange nye melder seg til teneste for kommunen sin, held Gjerde fram.

- Skal bli ein attraktiv bu- og opplevingskommune

- Vi har bestemt oss for å gå til val på å gjere Hareid kommune til ein attraktiv bu- og opplevingskommune. Med sentral plassering mot Ålesund, har vi store føresetnader. Og vi vil ha ting til å skje i eit mykje raskare tempo i kommunen enn det vi ser vi dag. Vi kjem ikkje til å låse oss i samarbeid som vil hindre utviklinga vi meiner bør til for å både få eit meir opplevingsrikt sentrum og gode krinsar. Vi vil stimulere dei frivillige organisasjonane dt det viktige trivselsarbeidet dei gjer, og foreine gode krefter til å skape ein kjekk kommune.

- Vi vil også ta fatt i den økonomiske måten Hareid kommune blir styrt på. Vi meiner vi kan få til betre økonomisk styring, seier Gunn Berit Gjerde.

Her er lista:

Kum.  Brandal, Annika, 1981, Brandal

Kum.  Nytun, Torstein, 1978, Bigset

Kum.  Korsnes, Jenny Helen,1979, Hjørungavåg

Kum. Vijayaratnam, Jeyuran,1989, Hjørungavåg

Eriksen, Odd Erling Norheim, Hareid

Worren, Ann Helen Grimstad, 1971, Hareid

Otto Per Gjerde

Annbritt Pilskog Haddal

Torill Overvåg Leirbekk

Roger Korsnes

Kirsti Helene Elvebu

Signe Bjåstad

Gina April Gjerde

Einar Aasen

Overå, Robert

Rita Slotterøy

Sven-Aslak  Veiset

Elisabeth Warpe

Venezia Kumar

Odd Elvanes

Eva Britt Grimstad Jøranli

Greta Kirkebø

Karin S Holstad

Ola Leiv Grimstad

Åse Pilskog

Rigmor Haddal

Einar Warholm